Unfortunately, this page is not translated to English

You can continue in Norwegian or go to the English frontpage.

Andakt

Håp i en skog

"Kven er så nesten min?", blei Jesus spurt om i historia om den miskunnsame samaritan.

Så fortel han historia om samaritanen som fekk sjå ein nedslegen mann, bøygde seg ned og fekk inderleg medkjensle med han.

Naturen er og vår neste. Han treng vår inderlege medkjensle.

I 1998, før ordet flyskam var blitt eitt ord, var eg på studietur med Kirkens Nødhjelp til Haiti. Den gongen som no var Haiti eit av dei fattigaste landa på den vestlege halvkula.

Landet blei sjølvstendig i 1804 og vart kalla verdas fyrste «svarte» republikk.

Haiti har lidd under ulike former for diktatur, okkupert av USA i mellomkrigstida, før familien Duvalier med Papa Doc og Baby Doc leia det reine terrorregime. Også i dag er situasjonen demokratisk usikker, og kriminelle bandar rår i Port au Prince.

Landet er eit døme på at klimaendringar også fører til politiske kriser. Avskoging,
jorderosjon og jordskjelv får ekstra store konsekvensar i land med usikkert styre. Eg minnest frå denne studieturen eit møte med ein fattig kaffibonde. Me spurde han om framtida for landet, og han svara slik: «Eit gamalt ordtak her er slik: Me går og går, og til slutt blir det ein veg.»

Slik blir håp ei rørsle. Ei rørsle der me treng kvarandre fordi det handlar om å finne det som gjev håp til handling. Ei desperat von som kan uttrykke seg i demokratiske kanalar, som gjev dei som bestemmer, ryggdekning for å gjera det rette for å berge oss.

Lat oss gå tilbake til historia om den barmhjertige samaritan: Dei to som gjekk forbi, presten og levitten på veg til si teneste, kom kanskje ikkje nær nok til å få inderleg medkjensle? Høyrde ikkje det stille skriket frå den såra, slik me ikkje merkar at fuglesongen stilnar eller myggen ikkje er like hissig som før?

Siste flyturen eg hadde, no med flyskam, tok meg ned til Etiopia og inn i ein etiopisk kyrkjeskog utanfor hovudstaden Addis Abeba. Dei ortodokse kristne seier at ei kyrkje må kunne puste, og skogane rundt er lungene. Dei kallar skogane heilage, og ein stad der sjeldne dyr og plantar kan overleve. Kort sagt ein bank for å ta vare på naturmangfaldet.

Folket rundt kyrkjeskogane steller fint med skogane sine, syner inderleg medkjensle kan ein seie. Dei grøne flekkane kring kyrkjer og moskear er eit håp – midt i klimakrisa.

Abune Mathias I, patriark av den etiopisk-ortodokse Tewahdo-kirken, og
erkebiskop av Axum Echegue av St Tekle Haimanot sa det slik: «Skog og planter er årer og klede i vår verd. For å ta vare på essensen og vitaliteten i vår verd, må vi prioritere stell og vern av skog.»

På bedehusa skjer det av og til vekkingar. Vekkingar har ofte sin eigen liturgi, si eiga form. Ordet omvending, ifølgje Bibelen, handlar om å vakne, å vende seg bort frå noko, vedkjenne seg synda og gjennom det få ein ny start. Eigentleg tyder ordet «få eit nytt sinn».

Er det eit nytt sinn me treng? Eit sinn som fortel oss at livskvalitet ikkje alltid heng saman med forbruk, men heller med fellesskap og meiningsfulle liv?

Flere artikler fra dette magasinet

– Vil vare  inn i neste år

– Vil vare inn i neste år

– Vi må ikke tie

– Vi må ikke tie

kvinne med briller som smiler til kamera
Testamentgave

– Gir testamentgave til Kirkens Nødhjelp

Lisbeth Nilsen (71) er fast giver og har et spesielt engasjement for arbeidet med å sikre jenter og kvinner tilgang til rent vann, trygge sanitærforhold og god menstruasjonshygiene. Nå har hun skrevet…

Støtt Kirkens Nødhjelp sitt arbeid

Din støtte går der behovet er størst