Vel ei rettferdig verd!
Kirkens Nødhjelp deltek på Olavsfestdagane 28. juli til 3. august med innslag i programmet, ein eigen stand med utstilling og eit fysisk handlingsalternativ knytt til stortingsvalet denne hausten. Gjennom festivaldagane vil det være mogleg å kome innom standen og “stemme” på ei av dei internasjonale sakene vi vel å sette eit ekstra stort fokus på: Klima, ulikskap, våpenkontroll og menneskerettar og likestilling. Under kan du lese meir om dei. Standen på Olavsfestdagane er ein del av Kirkens Nødhjelps prosjekt for å få klima- og utviklingspolitikk høgare på dagsorden i valkampen.
Klima
Klimakrisa er her, og kvart år ser vi nye klimakatastrofar som tek liv og levebrød. For å hindre global oppvarming over 1,5 °C må minst halvparten av dei globale utsleppa kuttast innan 2030. I tillegg har verdas rike land lova å gi 100 milliardar dollar til klimatiltak i fattige land kvart år fram til 2025 fordi det hovudsakleg er dei rike som har skuld i klimakrisa, men dei fattige som vert ramma hardast.
Problemet:
- Norske utslepp av klimagassar er alt for høge, og dagens politikk legg opp til at ein ikkje når verdas klimamål om å halde den globale temperaturauken under 1,5 °C.
- Noreg er avhengig av ein oljeindustri som tener pengar på å skape klimakrise.
- Kvart år ser vi dødsfall og naud grunna klimakatastrofar som kunne vore avverja om folk hadde ressursar til å tilpasse seg klimaendringane. Men dei rike landa som har mest skuld i klimakrisa, gjev ikkje nok pengar til at fattige kan tilpasse seg endringane i tide.
Kirkens Nødhjelps løysingsforslag:
- Noreg må ha mål om å kutte minst 53 % av norske klimagassutslepp innan 2030 og tydlege planar for å nå målet, inkludert utsleppsbudsjett for alle sektorar.
- Noreg må omstille seg vekk frå oljeavhengigheit og fjerne tiltak som held industrien kunstig i live, til dømes avskriving på skatten og leiterefusjonsordninga.
- Noreg og andre rike land må gi meir pengar til klimatiltak i fattige land slik at folk kan tilpasse seg klimaendringane, omstille seg til fornybar energi og dekke kostnadane for tap og skadar grunna klimakrisa. Kvart år må Noreg gi minst 65 milliardar kroner til klimatiltak globalt.
Ulikskap
Ulikskapen mellom fattige og rike aukar for kvart år som går. Ifølge Oxfam har dei 1 % rikaste i verda dobbelt så mykje rikdom som 6,9 milliardar menneske. Det finst nok pengar i verda til å nå Berekraftsmåla og Parisavtalen og utslette all fattigdom, men pengane kjem ikkje folk til nytte.
Problemet:
- Kvart år mistar statar minst 427 milliardar dollar som skulle blitt betalt i skatt, fordi rike personar og selskap gøymer vekk pengar i skatteparadis. Dette gjer at myndigheitene har mykje mindre pengar å bruke på velferd som sjukehus og utdanning. I følge Tax Justice Network kunne 17 millionar fleire menneske fått tilgang på reint vatn, og 34 millionar på grunnleggande sanitærtenester, om alle selskap og personar hadde betalt den skatten dei skuldar.
- Det finst ikkje internasjonale skattereglar som gjer at selskap som jobbar i fleire ulike land, må betale skatt der dei tener pengane. Dette gjer at dei flyttar pengar og unngår skatt.
- Dei internasjonale handelsreglane og -avtalane går ofte på akkord med klima, miljø og menneskerettar. Dei er oftast laga på rike land sine vilkår og gjer at fattige land korkje har tilgang til å selje varene sine eller bygge opp eigne marknadar.
- Gjelda i utviklingsland har auka dramatisk dei siste åra, og no er 122 land på randa av gjeldskrise. Dette rammar dei fattige hardast ettersom gjeldsbyrda går ut over myndigheitenes moglegheit til å dekke grunnleggande tenester.
Kirkens Nødhjelps løysingsforslag:
- Noreg bør ta initiativ til ein internasjonal skattekonvensjon som sikrar at multinasjonale selskap betalar skatt i dei landa der overskotet vert skapt. Slik kan verdssamfunnet sørge for at alle land kan bruke eigne skatteinntekter til velferd og utvikling, og unngå at dei hamnar i skatteparadis.
- Fattige land må ha moglegheit til å delta i internasjonal handel på rettferdige vilkår som let dei bygge opp nasjonale og lokale marknader og eksportere varer til rike land.
- Noreg må jobbe for openheit om gjeld slik at folk veit kor mykje gjeld landet deira har og kan halde myndigheitene ansvarlege. I tillegg må Noreg jobbe for reglar for ansvarleg opptak av lån og for at land i gjeldskrise kan få sletta og gjennomgått gjelda si på ein rettferdig måte.
- Finansiering av klimatiltak i utviklingsland kan ikkje komme i form av lån, for land som vert ramma av klimakrise, skal ikkje verte ramma dobbelt av gjeldsbyrda.
Menneskerettane og likestilling
Sjølv om alle folk i alle land har dei same rettane, og alle verdas land har gått saman for å oppnå berekraftsmåla, er rettar og likestilling trua mange stader i verda.
Problemet:
- Mange land går i ei meir autoritær retning. På ti år har talet på liberale demokrati i verda krympa frå 41 til 32. Det gjev dårlege kår for menneskerettane.
- Eit sterkt sivilsamfunn er nødvendig for å utfordre myndigheitene, samt sikre rettigheiter og likestilling. Men i fleire land vert sivilsamfunn og menneskerettsforkjemparar angripne.
- Retten til å elske den ein vil, ha ei god og trygg seksuell helse og bestemme over eigen kropp vert underprioritert og oversett. Mange kvinner mister livet i graviditet, fødsel eller som følge av utrygge abortar, og fleire er utsette for vald basert på kjønn og legning.
Kirkens Nødhjelps løysingsforslag:
- Alle land må jobbe målretta for å oppnå berekraftsmåla og sikre menneskerettane.
- Noreg må bidra til å styrke sivilsamfunnet i fattige land. Det er viktig at norsk bistand til sivilsamfunnsorganisasjonar og menneskerettsforkjemparar aukar, særleg når desse vert angripne lokalt, og det vert meir krevjande å gjennomføre arbeidet som er nødvendig.
- Noreg må aktivt jobbe for å styrke seksuell og reproduktiv helse og rettar, noko som inneber retten til å bestemme over eigen kropp og seksualitet, retten til god seksuell og reproduktiv helse og trygg helsehjelp, samt retten til å leve fri frå tvang og diskriminering.
Våpenkontroll
Om våpenhandel ikkje vert godt regulert, bidreg det til at menneske vert drepne, såra, valdtekne og tvinga på flukt. Difor er det viktig at kvart enkelt land har kontroll over kven og kva våpenindustrien eksporterer til og kven som ender opp med våpena til slutt.
Problemet:
- Våpen kan brukast i legitimt forsvar, men vert òg brukte til å bryte menneskerettane og humanitærretten, til dømes i angrep på sivile.
- I perioden krigen i Jemen har pågått, har Noreg eksportert våpen og anna militært materiell for over 800 millionar kroner til fleire av landa som deltek i krigen - dette trass i at alle landa har brote humanitærretten. Det finst ikkje bevis for at norske våpen har blitt brukte i Jemen, men vi kan heller ikkje vere sikre på at det ikkje har skjedd. At Noreg har eksportert militært materiell til land som er involvert i brot på humanitærretten, viser at det norske regelverket ikkje er godt nok.
Kirkens Nødhjelps løysingsforslag:
- Alle land må ta sin del av ansvaret for at våpen ikkje skal kome på avvegar.
- For at vi skal vere sikre på at våpen frå Noreg ikkje bidreg til brot på humanitærretten og menneskerettane, trengst det eit strengt og tydeleg regelverk og god kontroll.
- For å sikre dette må staten sette ned eit offentleg utval som må gjennomgå regelverket og kontrollen av våpeneksporten. Målet må vere å få på plass eit regelverk og ein kontroll som sikrar at Noreg ikkje sel våpen som kan brukast til å bryte humanitærretten og menneskerettane.
Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.
Publisert: